Bygdeskeiv

Bygdeskeiv

Bygdeskeiv

Her vil vi komme med skeive blikk på det å vera skeiv ute på bygda.

Organisert miljø eller total mangel på det

Homofile organisasjonarPosted by Bygdeskeiv 2006-11-03 23:14:10

Det ser ut som at homofile organisasjonar har problem med få fotfeste i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi har ikkje så mykje kjennskap til forholda i Møre og Romsdal, det vi skriv er utifrå våre erfaringar og kunnskap om forholda i Sogn og Fjordane.

Det har gjennom dei siste 20 –30 åra vert spreidde forsøk å få til eit homofilt miljø, utan at dette har lukkast. Det kan skuldast fleire forhold, kanskje mest at dei fleste lever i skjul. Dei er redde for å bli avslørt – gjenkjent om dei blir med i organisert aktivitet. Ein anna ting er at t.d. Sogn og Fjordane har vert eit vanskeleg fylke å reise i. Før vegsambandet mellom Sogndal og Skei i Jølster kom, var Indre Sogn eigentleg avskilt frå resten av fylket.

Ein ting til er at det verkar som alle homsane i Sogn og Fj. er på kollisjonskurs med kvarandre, dei klarer ikkje å samarbeide med kvarandre. Dei føler det som andre homofile menn er konkurrentar til seg.

Vi set med ein liten følelse av at dette, i mange tilfelle fører til at valte styrer ikkje har fungert oppgjennom åra, i staden for å samarbeide så motarbeider dei kvarandre.

Dei homofile organisasjonar som har prøvd å få til aktivitet i området har også vert for anonyme. Det verkar som dei ikkje heilt tør å bruke media for å seia i frå at dei finnes i lokalmiljøet. For 2 – 3 år sidan var det vel to organisasjonar som kjempa om medlemar og lokallag i Sogn og Fj. og Møre og Romsdal. Dette medførte kan hende at mange homofile vegra seg for i det heile å ta kontakt med dei.

Det å ha eit lokallag som dekker både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er truleg eit dødfødt prosjekt. Det er eit altfor stort område til å administrera. Frå dei eine ytterpunktet til det andre ytterpunktet er det ei dagsreise eller to. LLH kalla lokallaget for dette området for Nordvestlandet, noko som mange i Sogn og Fj. reagerte på, sidan fylket ikkje er ein del av det ein i daglegtalen kalla for Nordvestlandet.

Sett i historisk perspektiv så har Sogn og Fj. administrativt høyrt til under Bergen og Møre og Romsdal til Trondheim.

Vi veit ikkje kva medlemsmasse LLH har i desse to fylka, men truleg ikkje så mange at det er lønnsamt å ha eige lokallag her.

Ein av grunnleggarane av Sogeskeiv, er ein aktiv Røde korsar og er mykje på møter og kurs for Røde Kors. Han har fortalt om store kostnader og ein del problem med å få til møte – kurs der alle kan koma. Mange gonger strandar kursarrangement grunna for store kostnader. Vi vil tru at dette er også gjeldande for andre organisasjonar.

Kva kan ein gjere?

Skal LLH klare å rekruttere nye medlemar og aktivisera noverande medlemar, er det ein fôrutsetning at organisasjonen står fram som ein spennande stad å vera, og at den lokale delen av organisasjonen oppfattast som truverdig, påliteleg og dyktig slik at den blir velfungerande.

Då blir den også mest effektiv.

Den må også ha rom for alle og ønske alle velkommen, uavhengig av hudfarge, alder eller sosial tilhørsle.

Mange ser på LLH som ein rein storby organisasjon, og at LLH er heilt anonym ute i distrikta. Folk ute i distrikta har kanskje høyrt om LLH gjennom media. Men sidan LLH ikkje er i området blir dei fort gløymd. Ein kan kanskje hjelpa på med dette, ved å ha stand på store arrangement, oppsøke skular og ungdomsklubbar. Om ein skal informere ungdom så er det viktig at ungdom snakkar til ungdom. Når ein deler ut informasjon er det også viktig at ein har tid til å lytte, slik at ein viser at LLH er open og imøtekommande organisasjon.

Rekrutteringsstader:

Skular, Ungdomsmiljø, SMS, Internett, Messer og arrangement, Ansikt til ansikt, Eige nettverk.

Vi veit ikkje kor mange medlemmar LLH har i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og langt minder kor mange som har interesse av å jobbe aktivt for eit lokallag. Vi trur at det kanskje er ein fåtal og vi trur ikkje det er så alt for mange medlemar i dette distriktet. I alle fall ikkje nok til å forsvare eit lokallag slik som det er i dag. Det er for kostbart i forhold til det antall medlemar ein kan forvente å ha.

Sett også i det historiske perspektiv fylka i mellom så er kanskje ei deling av lokallaget LLH Nordvestlandet i to ein veg å gå. Møre og Romsdal blir lagt til Trondheim og Sogn og Fjordane til Bergen. Vi vil tru at antall medlemar i kvart fylke er så lite at det ikkje kan forsvarast å ha eigne lokallag i fylka.

I staden for eigne lokallag i fylka kan ein peike ut ein eller fleire medlemskontaktar i kvart fylke som kan stå for medlemsplei. Ein kan kanskje på denne måten rekruttera fleire medlemar, gjennom ansikt til ansikt kontakt eller gjennom eige nettverk, noko som på sikt kan føre til at eit levedyktig lokallag for fylka ser dagens lys.

Ein utvidar styra i Bergen/Trondheim med eit styremedlem frå fylka, dvs kontaktmannen i fylket. Det styremedlemet må vera truverdig, påliteleg og dyktig, slik at ein får ein viss aktivitet opp å gå i distriktet. Det er ikkje hjelp i å velje personar som berre vil sitja i eit styre, men når han kommer heim så vert ingenting gjort. Mang ein organisasjon slit med slike personar.

  • Comments(3)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.
Posted by Karoline 2007-07-14 20:01:34

Eg tykkjer sogneskeiv er eit bra initiativ, men mykje av det som står på sidene her tykjer eg verka veldig rart. "Det skeiv folket" f.eks. Kvifor ikkje sei homofile som det faktisk er. Eg føler ikkje at det som blir skreve her stemmer med mi verklegheitsoppfattning av korleis det er å vere homo på bygda.

Posted by Kar 55 2006-11-19 16:06:35

Det var ei tid då det var eit homofilt miljø i Førde, det var ein kar som stod for det og han hadde møta i "klubben sin" heime hos seg. Melde meg inn i foreninga nasjonalt(forløparen til LLH i dag) og at eg ville høyre til lokallaget i Førde. Men det vart ein stor nedtur, det møta gjekk ut på var å sjå på pornofilm og møljesex etter på. Første og siste gona eg har noe med organisert miljø ågjere. No fekk eg ut frustrasjonen då

Dei som står bak Bygdeskeiv virker til å ha ein utruleg innsikt kva som røres seg i Sogn og Fj. Må dei berre lukkast med dette tiltaket. Nattstaden kan vere ein god stad for oss som ikkje er på sjekkestaden Gaysir.Om eg seier kva eg meiner om den her så blir eg sikkert sensurert så det får ligge.

Om LLH vil vera synleg i Sogn og Fjordane så sjå på kva personane bak denne sida skriv her, tydleg at det er ein med god organisasjons erfaring som skriv det.

Posted by Skeiv Gutt 2006-11-07 14:12:29

Motarbeider dei homofile kvarandre her i Sogn og Fjordane?? Då forstår eg hvorfor det er så vansklig å få kontakt her.