Bygdeskeiv

Bygdeskeiv

Bygdeskeiv

Her vil vi komme med skeive blikk på det å vera skeiv ute på bygda.

Homofil i Sogn og Fjordane

Skeivt blikkPosted by Bygdeskeiv 2006-11-03 22:06:13

Å vera homofil kan virka uoverkommeleg i ei bygd i Sogn og Fj. eller???????

Tord Dale seier i ein artikkel i Firda at homofrykta i fylke er ein myte, er den det??

Heilt fri for fordommar er nok ikkje trivselsfylket.

Det er ikkje lenge sidan eg høyrer om ein ung homse i ei lita bygd, som hadde fått sterke sjikanerande smsa og drapstruslar sendt til sin mobil. Det viser vel at fordommar førekjem. Slik framferd kan vi som homofile ikkje akseptera, samfunnet må også reagere på slik framferd, noko som vart gjort i dette tilfelle.

Men situasjonen for dei homofile har betra seg utruleg mykje dei siste tiåra. Det er ei heilt anna openheit i dagens samfunn om det og vera homofil er meir akseptert. I dag har vi t.d. internett, og det gjer i mange høve det lettare og treffe andre med same legning. Men då må også dei homofile i fylket også vise eit ansvar. Det er ei svært enkel løysning og skyve ansvaret over på andre personar eller organisasjonen, for at det ikkje eksistera eit organisert miljø i Sogn og Fjordane. Kvar enkelt må leve det livet ein meina er best mogleg for seg sjølv og andre. Mange går rundt og er heilt grøne og kva det vil sei og vere homofil, mange trur at det homofile miljøet er basert på sex og at dei fleste er perverse stereotypa. Dette er kanskje ei av dei sterkaste fordommane som er ute og går, men den er langt frå virkeleggheita. Det og vere homofil handlar kun om og vere eit vanleg menneske som forelskar seg i personar av sitt same kjønn, verken meir eller mindre.

Men ein må arbeida meir for å få meir merksemd rundt det å vera homofil, og då vil ein sjå at normaliseringa vil komma etter kvart. Ein kan gjera dette ved å vera open om sin legning, det er med å fjerna grunnlaget for fordommane ein har følt som skjult.

Då vil ein vise for andre som har ei skjult legning at det går fint å leve som open homofil og det kan insperere andre til å ta etter.

Dei homofile må sjølve tenkja gjennom kva som kan vera grunnen til at folk har fordommar. Kan hende at mange meiner at homofile mennesker kun er ute etter sex, som t.d. som deltar i orgiar, sauna sex, sex i parkar på kveldstid o.s.v. Ein skal ikkje skyva under ein stol at ein del homofile er nett slik som beskrive foran. Men det er mindretallet som er slik, og dei øydlegg det generelle inntrykket utad. Som altid i sammfunnet ellers så øydleg mindretallet for alle samman. Så vi som er homofile må sjølve vera med å fjerna grunnlaga for at folk får fordommar mot oss.

Så først og fremst bør den homofile befolkninga gå i seg sjølve, å få bort dei elementa som øydlegg for alle og som skapar fordommar mot homofile. Dette må det homofile miljøet ta opp sjølve på kammerset.

Så må dei homofile sjølv vera med å fjerna dei grunnleggande argumenta for fordommane, då først vi oppleve likestilling mellom dei forskjellige legningane.

Tord Dale peikar på at det ikkje er fordommane som er problemet, men mangelen på homofilt miljø. Det har gjennom dei siste 20 –30 åra vert spreidde forsøk å få til eit homofilt miljø, utan at dette har lukkast. Det kan skuldast fleire forhold, kanskje mest at dei fleste lever i skjul. Dei er redde for å bli avslørt – gjenkjent om dei blir med i organisert aktivitet.

Ein ting til er at det verkar som alle homsane i Sogn og Fj. er på kollisjonskurs med kvarandre, dei klarer ikkje å samarbeide med kvarandre. Set med ein liten følelse av at dette, i mange tilfelle fører til at valte styrer ikkje har fungert oppgjennom åra, i staden for å samarbeide så motarbeider dei kvarandre.

Eg er ein av fleire som driv nettstaden sogneskeiv.com og vi har prøvd å få til organisert aktivitet for homofile i fylket, frå i desember 2003, men det viser seg omtrent umogleg å få noko til. Alle vil vere deltagarar men ingen vil jobbe.

I artikkelen vert det nemnt at 2006 skal vera eit ”komme ut av skapet” år for trivselsfylket.

”Å komme ut” er eit begrep som ikkje er så mange tiår gammal. Om ein går tilbake eit par tiår så er begrepet ”komme ut” omtrent frå verande. På den tida prøvde ein å kamuflera kjærleik mellom menn som vennskap og diskresjon. Ein prøvde då å skjule sin legning for arbeidsgjevar, familie og venner.

I dag med den homofile frigjeringa, blir man mang ein gong sett på som feig om ein lever skjult. Det kan virke som om Tord Dale meiner at ein skal legge press på dei homofile i fylket å stå fram med sin legning, noko som er heilt i trend med dagens homoideologi.

Den som tenker på å komme ut av skåpet må tenkja på ein del ting før ein går til det skrittet.

Det å ta valget med å komma ut kan forandre livet til den homofile. Sjølv om ein håpar på aksept er det mange som er redd for å bli avist av dei nærmaste og venner. Dette er i dei fleste tilfeller ubegrunna angst. Manger føler at dette er verdens største problem, men det er ikkje verdens undergong, sjølv om det kan hende at det kjennes slik ut under komme ut prosessen.

Om du vil ”komme ut” så må dette vera dit val og ein må ikkje lata andre gjere valet for deg.

Ver heilt sikker på at det er dette du vil. Ikkje la andre pressa deg, same om det er velmeinande venner og rådgjevarar.

  • Comments(2)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.
Posted by Tord 2007-06-12 13:21:33

Det eg faktisk sa var at det er ein myte at Sogn og Fjordane er verre enn andre stader - vi er like dårlige, men også like gode som andre bygder og byar i landet. Homofile i byane møter andre problem, og sjølv er eg veldig glad for at eg kom ut blant mine sambygdingar og måtte møte dei eg frykta ofte, og at eg ikkje hadde eit homomiljø å gøyme meg i.

Sjølvsagt skal det vere ditt val om du vil komme ut. Men, du som er homo har ingenting å skamme deg for, ikkje skjul kjærleiken din, men vis den og del den. Det er din rett, og det går heilt fint.

Posted by Ole Christian 2006-11-14 08:36:56

Når Tord Dale uttalte i avisa at fordommane var borte så vart eg irritert og syntes det heile berre var eit tåpeleg innspill. KLart, alle veit jo det at i sogn og fjordane har ein ikkje lov og være homo?

-Trudde eg.

So skreiv eg min eigen cabaret. Skreiv han ilag med veninna mi. Aleinemødre og Homofile. To tema der det eine er nokså godtatt, men det andre er noko ein berre kviskrar om i mørke krokar. Eg har vore open homofil sia eg var 16 år, så den dagen Firda kom og skulle skrive om min homofile legning fnyste eg av det og lote skriveriane gå sin gang. Det vart trykkt og vips, så visste ABSOLUTT alle rundt meg at eg var homo. Eg kvidde meg for å gå på jobb og møte folk, og eg kvidde meg for å gå ut. Eg ser jo no i etterkant det at folket, ivertfall dei i førde, trengte ein homofil dei kunne snakke med eller spørre ting om. Kvar einaste gang eg går på byen no er det alltid like mange som kjem bort og syntes det er fantastisk det eg gjer, alltid mange hetrogutta som lura på det å være homofil og alltid dei som ber meg holde meg unna dei. ( Til dei svarar eg latterfyldt: Det var du som kom bort til meg..:-) )

Så i bunn og grunn er det faktisk heilt ok å være Homofil i sogn og fjordane. Alle snakkar om at ein må ha eit homomiljø. Det er eg ikkje heilt einig i. Man kan godt HA eit homomiljø, men det er ikkje forutbestemt at alle vil delta. Eg veit ivertfall med meg sjøl at eg ikkje har et skrikande behov for å omgåest berre homofile. Då stenger ein jo seg sjølv inn i dei såkalte båsane. Eller?

Nei. Guttaboys og alle Fine jenter! Åpne skapdørene, slipp inn litt frisk luft, og ta steget ut når anledningen byr seg!

-Ole Christian