Bygdeskeiv

Bygdeskeiv

Bygdeskeiv

Her vil vi komme med skeive blikk på det å vera skeiv ute på bygda.

Homofili

Skeivt blikkPosted by Bygdeskeiv 2007-02-12 17:49:07

Skal ein tru statistikken så er 1 av 15 homofile. For dei det gjelder er dette like naturleg som t.d. å stå opp om morgonen.. Homofili er ikkje nokon sjukdom eller sinnsliding. Det er heller ikkje smittsamt. Både jenter å gutar kan vera homofile, når ei jente er homofil kallast det ofte lesbisk, og om gutane at dei er homse.

* Personar som vert tiltrekt av sitt eige kjønn, og som blir forelska i det, har ei homofil legning eller orientering.

* I dagens samfunn er det ikkje straffbart å vera homofil, men det krev likevel sitt, om ein vel å stå fram med legninga si.

Dei fleste merkar det nok i tenåra. Medan dei andre tenkjer det andre kjønnet, merkar du kanskje ein tiltrekning til dei som du før har hatt som leikekamerat.

Vel her å kalla lesbe og homas for det ”skeive folket”.

Det skeive folket har den same utviklinga i ungdomsårs om di heterofile, hormona kommer i kok uansett kva legning du har.

Ein tennåring som merkar at han ikkje er som ”dei andre”, vil ofte føla seg einsam, klassevennen forstår ikkje deg, mobbing og trakassering, gjer at ein trekker seg unna.

I tennåla opplever som regel ungdomen forelsking og prøver ut seksualiteten sin.

For mange av dei skeive derimot prega av unnaviking og løgn overfor omverda og i mange tilfelle over for seg sjølv også

Til yngre ein er til vanskeligare er det mange gonger å akseptera seg sjølv som homofil.

Det at dei står midt i ein vanskeleg avklåringsfase i liv, det gjer dei sårbare, og det er i mange ungdomsmiljø i bygder ein negativ innstilling til skeive folk.

Det å komma frå ei lita bygd, vera ung og ” stolt skeiv” kan virka uoverkommeleg.

Dette fører til sist at ein slik person flytter frå bygda, eller kanskje mykje meir tragisk utgong, han går å tar eige liv.

Derfor søker mange unge skive folk inn til byane og buset seg der. Der er meir anonyme, og der kjem ein også lettare i kontakt med andre likesinna. Der finn ein kanskje ein eller fleire ein kan stola på og dermed får ein hjelp til å akseptera seg sjølv. Det kan også føra til at det blir lettare å stå fram som homofil.

I dagens samfunn burde ein kunne leva i ei bygd eller ein bygdeby som open homofil, utan ein vert trakassert for det. Men mange stader er dette langt fram til.

Tross i at det har vore mykje informasjon om det å vera skeiv dei siste åra, så er det mykje diskriminering enno, sjølv om dette i dag er eit lovbrot.

Det krev at vi skeive folk må stå oppreist å at ein er seg sjølv .
  • Comments(0)//bygd.sogneskeiv.com/#post3